Helle Didi Galgalu

1999,00 kr

Didi Galgalu er ein stor kniv for store eventyr. Kniven vart til medan eit team frå Helle reiste Afrika på langs med dei Sør-Afrikanske 4×4-køyrarane i Voetspore. Dette er ein kniv som tåler mykje juling. Frå 2021 leverer vi denne kniven i stabilisert treverk, noko som gir ein enno meir robust kniv.

Kniven er stor, og passar aller best for dei som har medium til store hender. Handtaket er i kebony med messingniter, og er designa for at ein skal kunne jobbe lenge med kniven trass i størrelsen. I enden av skaftet er det ein rørnite som ein kan feste tau eller reim i. Kebony er stabilisert lønn – eit norskutvikla bærekraftig og solid alternativ til eksotiske tresortar som vi er stolte av å bruke i våre knivar.

Bladet er tynt nok til at det fungerer glimrande til det viktigaste ein kniv skal kunne – kutting og spikking. Samstundes sørger den robuste skandinaviske slipinga for at ein får nok stål bak eggen til at kniven tåler røffare behandling. Det er difor ikkje så rart at dette raskt har blitt ein favoritt i det internasjonale bushcraft- og friluftssamfunnet.

Kniven kjem med ei slire i ekte lær der kniven sit djupt og sikkert i.

Kniven er oppkalla etter ørkenen Didi Galgalu i Kenya som var endepunkt for Helle og Voetspor si kreative reise.

1 på lager